Eintal er ei bøyingsform av eit ord som typisk viser til eit enkelt eksemplar av noko, som ei ku, ein stein eller eit hus.

Faktaboks

Også kjend som

singular, singularis, forkorta sing. eller sg.

Eintal står i motsetnad til fleirtal (pluralis) – og i nokre språk også til total (dualis).

I norsk har substantiva eintals- og fleirtalsformer, som bøyinga av bil viser:

eintal fleirtal
ubunden (ubestemt) bil bilar
bunden (bestemt) bilen bilane

Bøyingsformene i eintal, bil og bilen, viser til eit enkelt eksemplar av fenomenet bil.

Eintal og teljelege og uteljelege fenomen

Når det i den fyrste setninga øvst står «som typisk viser til eit enkelt eksemplar», er ordet typisk teke med fordi denne forklaringa berre gjeld for teljelege fenomen, som bil, hus, ku, finger, ring, meter og stjerne. Men eintalsformer av substantiv blir òg nytta om uteljelege fenomen, som væsker, massar og abstrakte omgrep, trass i at dei ikkje viser til eitt enkelt eksemplar av noko. Slike substantiv har ikkje fleirtalsformer:

  • Væske: vin, vinen, men ikkje «vinar» og «vinane»
  • Masse: sand, sanden, men ikkje «sandar» og «sandane»
  • Abstrakt omgrep: venskap, venskapen, men ikkje «venskapar» og «venskapane»

Trass i at substantiva vin, sand og venskap her har eintalsform, kan dei ikkje ha talordet éin/éi/eitt eller ein ubunden (ubestemt) artikkel framfor seg utan å endre tyding. Ein vin viser ikkje til ei uteljeleg væske, men til ein type vin, og typar er teljelege. Da kan dei òg ha fleirtalsform: vinar tyder 'vintypar'.

Skilnaden på teljelege og uteljelege fenomen kan forklarast slik: Dersom du tek noko teljeleg og deler det i to, er dei to delane ikkje eksemplar av same slaget som heilskapen. Du får ikkje to syklar om du deler ein sykkel i to – du får to halve syklar. Dersom du derimot deler noko uteljeleg i to, er begge delane av same slaget som heilskapen. Viss du har litt smør og deler dette i to, er begge delane framleis smør.

Engelsk har eigne eintalsformer av verba, som blir nytta når subjektet står i eintal:

  • the child is crying 'ungen græt' i motsetnad til fleirtal the children are crying 'ungane græt'

Eintal og samsvarsbøying

Ord som blir samsvarbøygde med substantiv i eintal, på norsk substantiv, pronomen, adjektiv og determinativ, har òg eigne eintalsformer:

  • pronomen: ho / han / det i motsetnad til fleirtal dei
  • adjektiv: liten / lite / lite / vesle i motsetnad til fleirtal små
  • determinativ: min / mi / mitt i motsetnad til fleirtal mine;
  • determinativ: denne / dette i motsetnad til fleirtal desse

Grammatisk og semantisk eintal

Nokre substantiv i eintal viser likevel til grupper, og kan få samsvarsbøying i fleirtal:

  • Politiet har vore raske og flinke i denne saka.

Her må vi skilje mellom eintal som grammatisk eigenskap og som semantisk eigenskap. Ordet politiet er eintal grammatisk men fleirtal semantisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg