Enklitikon er i grammatikken eit språkleg element som er ein mellomting mellom eit ord og eit suffiks. Eksempel er austnorsk 'n som i ta'n 'ta han' og engelsk 'm som i I'm 'eg er'. Som suffikset står det etter eit anna element.

Faktaboks

Uttale
enklˈitisk
Etymologi

av gresk enklitikós (ἐγκλιτικός) 'som lenar seg til føregåande ord'

Enklitikonet er ein type klitikon. Det finst òg ein annan type, proklitikon, som liknar prefiks, ved å stå føre eit anna element, som je 'eg', ne 'ikkje' og le 'han' i fransk je ne le connais pas 'eg kjenner han ikkje'.

Adjektivet til enklitikon er enklitisk. Adjektiva til klitikon og proklitikon er klitisk og proklitisk.

Likskap med suffiks

Det austnorske klitikonet 'n (han) liknar eit suffiks ved at det aldri kan stå aleine, men må «lene seg» på eit anna element, som blir kalla ein vert. Det er vanleg å setje = mellom ein vert og eit enklitikon og ein bindestrek (-) mellom ein base og eit suffiks:

  • Eit suffiks lenar seg på ein base (ei rot eller ei stamme):
    • gut-en har stamma gut- og suffikset -en
  • Eit enklitikon lenar seg på ein vert:
    • ta=n har verten ta og enklitikonet =n

Ulikskap med suffiks, likskap med ord

Eit klitikon er forskjellig frå eit suffiks ved at klitikonet kan lene seg på vertar av mange ulike typar, mens eit suffiks typisk berre lenar seg på basar av nokre få typar. Ein kan seie at enklitikonet har ein lokaliseringsfridom som suffikset manglar. Til dømes må eit bøyingssuffiks leggjast til eit ord av éin særskild ordklasse, mens dette ikkje gjeld for enklitikon:

  • Suffikset -enfor bunden eintal kan berre leggjast til stamma til ein hankjønnssubstantiv:
    • gut-en, båt-en, hest-en
  • Enklitikonet =n kan leggjast til vert av mange ulike ordklassar:
    • Preposisjon: på=n 'på han'
    • Verb: ta=n 'ta han'
    • Pronomen: tok du=n? 'tok du han?'
    • Substantiv: stanga kua=n? 'stanga kua han?'
    • Subjunksjon: ho trur at=n gjorde det 'ho trur at han gjorde det'
    • Enklitisk pronomen: kjent=a=n? 'kjente ho han?'

Denne ulikskapen med suffiks er ein likskap med ord. I alle eksempla ovanfor kan enklitikonet 'n erstattast med eit ord, til dømes hesten: på hesten, ta hesten, tok du hesten?, stanga kua hesten?, ho trur at hesten gjorde det, kjent=a hesten?

Ulikskap med ord

Sjølv om enklitikon har om lag same lokaliseringsfridomen som ord, er det ikkje uvanleg at enklitikon står i andre posisjonar enn ord, sjølv med same syntaktiske funksjon. I norsk kan til dømes alle personlege pronomen vere enklitikon, og står då i ein annan posisjon enn substantiv — som =ho og Kari i setningane nedanfor. Dei står i ulik posisjon i høve til ikkje:

  • Kjem=ho ikke i morgon?
  • Kjem ikkje Kari i morgon?

Dersom ein legg vekt på pronomenet, er det ikkje lenger eit enklikon og står etter ikkje:

  • Kjem ikkje HO i morgon?

Mange enklitikon er «reduserte» former av sjølvstendige ord

Mange enklitikon kan reknast som «reduserte» former av sjølvstendige ord. Her er nokre eksempel frå norsk, engelsk og fransk:

språk sjølvstendig ord enklitikon tyding eksempel
norsk ikkje =kje 'ikkje' Det er=kje greitt
norsk han =n 'han' Ta=n! 'Ta han!'
norsk ho / hu =a 'ho, henne' Ikkje slå=a! 'Ikkje slå ho!'
engelsk not =n't 'ikkje' She has=n't come 'Ho har kje kome'
engelsk is =s 'er' He=s my friend 'Han er venen min'
engelsk am =m 'er' I=m hungry 'Eg er svolten'
engelsk have =ve 'har' I=ve seen her 'Eg har sett ho'
engelsk had =d 'hadde' She=d read the book 'Ho hadde lese boka'
engelsk would =d 'ville' I=d like some tea 'Eg ville gjerne ha litt te'

Den norske genitiv-s-en er eit enklitikon

Den norske genitiv-s-en i til dømes kongens båt kan sjå ut som eit suffiks, ikkje minst fordi vi skriv han som ein del av føregåande ord. Døma nedanfor viser at han ikkje er eit suffiks på substantivet, men har ein stor lokaliseringsfridom og står sist i ein nomenfrase – her markert med [ … ]:

  • Etter substantiv: [kongen]=s båt
  • Etter adjektiv: [Eirik Raude]=s båt
  • Etter verb: [Ånden som går]=s båt
  • Etter enklitisk determinativ: [systera=mi]=s båt

Den engelske genitiv-s-en oppfører seg på same måten som den norske, jamfør til dømes the king=s boat 'kongens båt' og the king of England=s boat 'kongen av Englands båt'.

Enklitikon i serbokroatisk

Serbokroatisk, i dag ofte omtala som serbisk-kroatisk-bosnisk-montenegrinsk, har såkalla andreposisjons-enklitikon — enklitikon som står etter første ord eller første frase i ei setning. Det dreier seg om klitiske pronomen og hjelpeverb.

Den vanlegaste leddstillinga i serbokroatisk er SVO (subjekt—verbal—objekt), men enklitiske objektspronomen denne leddstillinga fordi dei alltid står rett etter første ord eller første frase. I døma nedanfor er dette illustrert med det enklitiske objektspronomenet ga / га 'han, det'.

I det første dømet står ga / га etter den negative verbforma nisam / нисам 'eg er ikkje' (1sg etter verbet viser at det er bøygt i 1. person eintal):

nisam=ga video
нисам=га видео
ikkje-er1sg=han sett
'Eg har ikkje sett han'

Dersom setninga tek til med eit subjektspronomen, står det enklitiske objektspronomenet rett etter dette. Nektingsordet ne= / не= er proklitisk:

ja=ga ne=vidim
ја=га не=видим
eg=han ikkje ser1sg
'Eg ser han ikkje'

Dersom subjektspronomenet ikkje er med, står det enklitiske objektspronomenet rett etter den negative verbforma. ga / га kan ikkje stå rett etter ne=, sidan det er eit proklitikon:

ne=vidim=ga
не=видим=га
ikkje ser1sg=han
'Eg ser han ikkje'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg