Eit energinett er eit nettverk av energikjeder. I kvar knute i nettet blir energi overført frå eitt eller fleire objekt til eitt eller fleire andre objekt.

Ein syklist på ein el-sykkel trør oppover ein bakke. Energien som driv sykkelen oppover kjem både frå maten syklisten har ete og frå batteriet på sykkelen. Syklisten har kanskje ete kornblanding, slik at energien ein gong var sollys før fotosyntese lagra den i energirik stivelse i kornet. Batteriet vart lada opp heime med elektrisk energi, sannsynlegvis kom denne energien frå eit energiverk som omdannar potensiell energi i vatn til elektrisk energi. Sykkelen mottek difor energi frå minst to ulike energikjeder på tur opp bakken. Noko av energien går via ein dynamo og ut som strålingsenergi i sykkellampa. Andre delar av energien går frå sykkelhjula til bakken i friksjon eller til lufta som bles i ansiktet på syklisten når hen triller ned att frå toppen. Noko blir også termisk energi i kroppen til syklisten. Til slutt endar alle trådar i energinettet i termisk energi.

Alle energioverføringar i eit energinett må følgje lovene om energibevaring og energikvalitet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg