Energikjede er ein serie med energiovergangar og energioverføringar frå energikjelde til energimottakar.

Energikjelde

Ei energikjede startar i ei energikjelde, til dømes Sola. Når eit barn trekkjer opp ein leikebil, er det del av ei lengre energikjede. Den startar med at kjerneenergi i Sola går over til strålingsenergi i sollys. Den energien blir overført til grøne planter der fotosyntesen omformar den til kjemisk energi i sukker. Barnet får i seg sukkeret gjennom mat, og energien blir frigjort i celleanding og overført til musklane barnet brukar for å trekkje opp bilen. Da går energien over til stillingsenergi i fjøra i bilen. Når barnet slepper bilen, blir stillingsenergien gradvis gjort om til bevegelsesenergi. Til slutt stoppar bilen, og da har energien gått over til termisk energi i golvet, bilen og lufta rundt, på grunn av friksjonskrefter.

Dei fleste energikjeder ender med termisk energi. For kvart ledd i energikjeda går den samla energikvaliteten ned.

Energinett

Ei energikjede vil ofte vere del av eit nettverk av energikjeder, eit energinett. Energien barnet trekte opp bilen med, kom sikkert frå fleire ulike matvarer. Kanskje hadde hen ete havregryn med mjølk og sukker. Energien i mjølka er da ledd i ei energikjede som også går innom ei ku og fôret kua har ete. Barnet gjorde nok også andre ting i leiken, som å løfte bilen opp frå leikekassa og springe etter den da den for bortover golvet. Dei prosessane har sine eigne energikjeder som heng i hop med den over i eit stort energinett. Alle trådar i eit energinett ender til slutt i termisk energi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg