Norske dialektar er i stadig endring. Det er lett å visa til konkrete trekk i talemålet som blir borte og nye særdrag som kjem til. Reint generelt kan ein seia at det i dag skjer ei utjamning av dialektskilnader. Årsakene til at dialektane endrar seg, er oftast å finna i den moderne samfunnsutviklinga.
Særmerkt for utviklinga i det norske samfunnet etter siste verdskrigen er at det mellom anna har skjedd store forandringar i busetjingsmønsteret. Folk flyttar mykje, og mange buset seg i byar og i tettbygde strok. Dette fører til at menneske med ulikt talemål blir buande i same området og påverkar kvarandre sosialt og språkleg.
TV, radio, internett, sosiale medium og mykje bruk av mobiltelefon gjer at folk får kontakt med mange ulike dialektar og språkvariantar.
Ein viktig faktor bak dialektendringane er også at mange born nå er ein større del av dagen i barnehage og skule, noko som gjer at foreldra ikkje blir så viktige språklege førebilete som dei var før.
I eit moderne samfunn prega av stor sosial mobilitet vil det koma fram nye sosiale mønster og grupper som språkbrukaren kan identifisera seg med – og tilpassa talemålet til. Viktig å nemna her er framveksten av isolerte ungdomsmiljø. I dagens norske samfunn utgjer ungdommane ofte eit sterkt gruppemiljø med sosiale bindingar seg imellom. I slike ungdomsgrupper vil språklege nydanningar og dialektendringar få grobotn, nokre gonger i form av språkvariantar me kallar slang.
Når dagens dialektutvikling kan førast tilbake til endringar i samfunnet, snakkar me om at språket blir utsett for ytre drivkrefter. Men et finst også latente drivkrefter i sjølve språket, kalla indre drivkrefter. Sjå artikkelen dialektendring om teoriar bak dialektutviklinga i Noreg.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.