Malaria, utbreiing.

Kartet viser risikoen for å få malaria i ulike område i verda. Risikoen for smitte og for å få alvorleg malaria er jamt over mykje større i Afrika enn i områda i Asia og Sør- og Mellom-Amerika der malaria opptrer som endemiar.

Av /Store medisinske leksikon ※.

Endemi er ein sjukdom som førekjem i avgrensa geografiske område. Endemiske sjukdomar kan bli epidemiske og spreie seg til andre område når forholda ligg til rette for det.

Faktaboks

Uttale
endemˈi
Etymologi
av gresk ‘i folket’

Malaria opptrer vanlegvis endemisk i tropiske og subtropiske område. I regntida kan sjukdomen spreie seg epidemisk utanfor dei områda der han vanlegvis førekjem. Omgrepet kan også brukast om ikkje-smittsame sjukdomar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg