Ei ending er eit anna ord for eit suffiks, slik at -en i hunden og -te i kjøpte er endingar.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål også endelse

I språkvitskapleg litteratur er ikkje ordet ending like mykje brukt som suffiks.

Ei ending kan vere både ei bøyingsending, som i hund-en, kjøp-te, eller avleiingsending, som i ven-skap og dag-leg.

Ein annan bruksmåte av ordet ending

Ordet ending kan òg nyttast om ei rekkje suffiks som følgjer etter kvarandre. Då kan -arnir i den norrøne bøyingsforma hestarnir (bunden/bestemt, nominativ, fleirtal av hestr 'hest') kallast ei ending, som – i ein av fleire mogelege analysar – kan delast i tre suffiks:

1. suffiks 2. suffiks 3. suffiks
-ar -n -ir
fleirtal, nominativ, hankjønn bunden (bestemt) fleirtal, nominativ, hankjønn

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg