Elevengasjement omfattar den merksemda, innsatsen og investeringa som eleven legg ned i læringsarbeidet i skulen. Engasjement omfattar dei daglege oppgåvene som er naudsynte for å lære som til dømes å møte opp på skulen, fylgje læraren sine instruksjonar, fullføre oppgåver i og utanfor klasseromet, ha positiv haldning til ulike fagområder og til skulen generelt.

Sjølv om det er aukande semje om hovudaspekta ved engasjement, er det i forskingslitteraturen ei rekkje ulike definisjonar. Kjernen i mange av utgreiingane av omgrepet er at det fangar kvaliteten av eleven sin deltaking i klasseromet med eit spenn frå energisk, entusiastisk, fokusert, positiv tilnærming til faglege oppgåver til apatisk tilbaketrekking. Disse trekka ved engasjement er interessante i undervisningssamanheng ettersom dei reflekter interaksjon med aktivitetar og materiell som gir, eller forstyrrar, læring.

Engasjement og motivasjon

Teoretisk vert omgrepet engasjement sett i nær samanheng med motivasjon. Ein kan sjå engasjement som eit tosidig omgrep som omfattar deltaking i klasseromet i form av åtferd og i form av emosjonar. Innan denne forskingstradisjonen har engasjement òg ein motsetting som ein kan skildre som uvilje eller misnøye som tilsvarande kan vere åtferd og emosjonar. Engasjert åtferd omfattar innsats og å vere uthaldande i aktiviteten over tid, merksemd og konsentrasjon. Å vere emosjonelt engasjert omfattar entusiasme, interesse og glede.

Som omgrep er det motsette av å vere engasjert å vere uengasjert som omfattar fråvær av engasjement inkludert fråvær av innsats og fråvær av å vere uthaldande. Manglande engasjement vert då typisk operasjonalisert som passivitet, mangel på initiativ og å gi opp, av og til òg emosjonar som å vere motlaus, likesel eller apatisk. Andre skildrar at deltaking i læringsaktivitetar kan verte hindra av tvang, utestenging eller av at ein kjedar seg.

Ei breiare forståing av manglande engasjement kan vere særleg viktig i skulesamanheng ettersom eleven sjølv ikkje kan velje å ikkje delta på denne arenaen. Misnøyeåtferd inkluderer kjerneåtferd i manglande engasjement som passivitet, mangel på initiativ, mangel på innsats og å gi opp. I tillegg omfattar det mental tilbaketrekking eller rituell deltaking som mangel på merksemd og å late som ein gjer noko. Misnøyeemosjonar omfattar emosjonar som karakteriserer at ein er utmatta som å vere trøyt, lei seg eller kjede seg. I tillegg omfattar det emosjonar som kjenneteiknar at eleven er framandgjord som frustrasjon og sinne, og angst som uttrykk for at ein kjenner press om å delta.

Studiar tyder på at det å delta aktivt, entusiastisk og med innsats i læringsaktivitetar i klasseromet fremmar læring hos elevane. Dette har gjort forskarane særleg interessert i å granske kva som fremmar engasjement hos elevane.

Ein relasjonell prosess

Engasjement er ein relasjonell prosess. Som vist over reflekter engasjement kognisjonar, emosjonar, åtferd og motivasjon hos elevane som igjen kjem til uttrykk i eleven sin kapasitet for læring. Samstundes er elevane til avhengig av relasjonar til lærarar og andre i skulen som kan aktivere og organisere denne kapasiteten og såleis har innverkand på læringsutbytte til elevane.

Sjølv om elevar kan vere emosjonelt knytt til skulen, til dømes ved oppleving av høg trivsel, og er fysisk til stades i skulen kan ein ikkje sjå opplæringa som deira som vellykka med mindre dei òg er engasjerte i dei høva undervisninga gir for læring. Dette aspektet ved engasjement har særleg forskarar på motivasjon vore opptatt av, og mange av dei ser dette som ein ytre manifestasjon av ein motivert elev.

Engasjement vert sett som avgjerande for at elevane skal lære og utvikle seg optimalt. Slik er elevengasjement nært knytt til utvikling av gode læringsmiljø. Lærarar som utøver effektiv klasseleiing skaper trygge rammer der elevane veit kva dei kan vente og gir elevane høve til å rette merksemda ot læring. Etablering av trygge, ordna rammer i klasseromet der læraren proaktivt rettar merksemda mot elevåtferd fremmar elevengasjement og leier til høgre faglege prestasjonar.

I delar av forskingslitteraturen er omgrepet engasjement særleg knytt til å forstå, og forbetre, læringsutbytte til elevevar som viser svake faglege prestasjonar. Andre ser det som ein sentralt å fremme engasjement hos elevane generelt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finn, J.D. & Zimmer, K.S. (2012) Student Engagement: What Is It? Why Does It Matter? I: S.L. Christenson, A.L. Reschly, Wylie, C. (red). Handbook of Research on Student Engagement. New York: Spinger
  • Fredricks, J. A., Blumenfeld, P. C., & Paris, A. H. (2004). School engagement: Potential of the concept, state of the evidence. Review of Educational Research, 74, 59-109.
  • Marks, H. M. (2000). Student engagement in instructional activity: Patterns in the elementary, middle, and high school years. American Education Research Journal, 37, 153–184.
  • Pianta, R., Hamre, B., & Allen, J. (2012). Teacher-Student Relationships and Engaement: Conceptualizing, Measuring, and Improving the Capacity of Classroom Interactions. I: S. L. Christenson, A. L. Reschly, & C. Wylie (red.), Handbook of Student Engagement. New York: Springer.
  • Skinner, E. A., Kindermann, T. A., & Furrer, C. (2009). A motivational perspective on engagement and disaffection: Conceptualization and assessment of children's behavioral and emotional participation in academic activities in the classroom. Educational and Psychological Measurement, 69, 493-525.
  • Woolfolk Hoy, A. W., & Weinstein, C. S. (2006). Student and teacher perspectives on classroom management. I: C. S. Evertson & C. S. Weinstein (red.), Handbook of classroom management: Research, practice, and contemporary issues (pp. 181-219). Mahwah, NJ: Lawrence Erlbaum

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg