Eksessiv er i grammatikken ein kasus som viser til ei endring bort frå ein tilstand.

Faktaboks

Uttale
eksˈessiv
Etymologi
av latin casus ex-cessivus, ‘frå-ein-stad-kasus’

Kasusen finst i nokre austlege og søraustlege finske dialektar og i fleire andre austersjøfinske språk (karelsk, estisk, sørestisk, livisk, votisk, ingrisk, ludisk).

Eksessiv i finsk

Eksessiv, essiv og translativ.
Eksessiv, essiv og translativ.
Lisens: CC BY SA 3.0

På finsk er eksessiv-suffikset -nta/-ntä (med vokalharmonisk veksling), som i dette eksempelet, med ei endring frå tilstanden psykisk «galen» til tilstanden psykisk frisk:

  • tärähtäneentä terveeksi 'frå galen til frisk'

Finsk har òg to andre kasus som har med tilstand å gjere, nemleg essiv (i ein tilstand) med suffikset -na/-nä og translativ (over i ein tilstand) med suffikset -ksi (som terveeksi i eksempelet ovanfor).

Eksessiv for 'frå stad'

I nokre uttrykk blir eksessiv brukt rørsle frå ein stad, som ved eksessiv av koto 'heim':

  • kotonta 'heimanfrå'

Heller ikkje i estisk er eksessiv eit vanleg produktivt kasus, men det blir mellom anna brukt i kodunt 'heimanfrå'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg