Einskjefta er eit adjektiv som blir brukt om tøy i lerrets- eller toskaftsbinding, som blir vove med eitt par vevskaft der trådane ligg kvar for seg og ikkje i par.

Faktaboks

Også kjend som
einskjeft

Ordet har opprinneleg samanheng med træing av renning i ein oppstadvev med eitt skaft, og har sidan følgt med i flatvev med træing på to skaft.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg