Legetime via videolink
Legetime via videolink.
Av /Shutterstock.

E-helse er bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) for å forbetra effektivitet, kvalitet og tryggleik i helse- og omsorgssektoren. Norske helsestyresmakter sin definisjon av e-helse samsvarer i stor grad med korleis omgrepet e-health blir brukt internasjonalt.

Faktaboks

Også kjend som

Engelsk e-health

Lovregulering

I utgangspunktet følgjer lovreguleringa av e-helsetenester dei same prinsippa som all anna helseteneste. Sentrale lovkrav finst såleis til dømes både i lov om helsepersonell og lov om pasientjournal.

Verkemiddel

Ein del av verkemidla i e-helsearbeidet handlar om å bruka mobile einingar og dataprogramvare som enkeltpersonar kan ha med seg til dagleg. Dette blir ofte omtalt som m-helse (mobilhelse). Det handlar ikkje berre om hjelpemiddel til støtte for helsepersonellet i deira arbeid, men også verkemiddel som kan nyttast av folk flest både til helsefremjande og behandlande føremål. Til dømes ein skritteljar, som finst på mange mobiltelefonar, kan vurderast som eit m-helseverkemiddel.

Kjernejournal

Ordninga med kjernejournal, som er teken i bruk i Noreg, er eit konkret døme på eit e-helsetiltak som kan vera til nytte både for kvar enkelt innbyggjar og for helsepersonellet.

Kjernejournalen inneheld sentrale opplysningar om helsa til alle nordmenn med ein medisinsk journal. Både pasient og helsepersonell har tilgang til kjernejournalen via helsenoreg.no.

Frå telemedisin til e-helse

Omgrepet e-helse kan sporast tilbake til seint på 1990-talet. Deretter har det i aukande grad blitt brukt både om korleis ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi blir nytta i helsetenesta, og korleis meir tradisjonell kommunikasjonsteknologi kan utnyttast på nye måtar.

E-helse omfattar også det som på 1980- og 1990-talet ofte blei omtalt som telemedisin.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg