Dualis er i grammatikken to-tal, i motsetnad til eintal og fleirtal.

Faktaboks

Uttale
duˈalis
Etymologi
av latin ‘to’
Også kjend som
dual

Mange språk, mellom anna gresk, sanskrit, slovensk, sorbisk, arabisk, hebraisk og khoekhoe (nama) har eigne dualisformer av substantiv, adjektiv, pronomen og/eller verb. Dualis er rekonstruert for urindoeuropeisk.

Bahrain, som på arabisk heiter al-Baḥrayn (البحرين), er eigentleg ei dualisform av substantivet baḥr (بحر) 'hav' og tyder opphavleg 'dei to hava'.

I norrønt er vit 'vi to' ei dualisform, mens vér 'vi (fleire enn to)' er ei pluralisform. På same vis i 2. person: þit 'de to' og þér 'de (fleire enn to)'. I 3. person finst ikkje skiljet mellom dualis og pluralis.

Dualis i samisk

Dei samiske språka har eigne dualispronomen og bøyer verbet i eintal, total og fleirtal. Her er nominativ av alle dei nordsamiske pronomena:

eintal / singularis total / dualis fleirtal / pluralis
1. person mon 'eg' moai 'vi to' mii 'vi (fleire enn to)'
2. person don 'du' doai 'de to' dii 'de (fleire enn to)'
3. person son 'han, ho' soai 'dei to' sii 'dei (fleire enn to)'

Språket har også fleire andre eksempel på eit skilje mellom to og mange, mellom anna desse:

  • goappil 'frå kva kant (av to)'
  • goabbá 'kven/kva for ein (av to)'
  • goabbáge 'begge'

Restar av dualis i norsk

Sjølv om moderne norsk ikkje har dualis som ein grammatisk kategori, finst det leivningar etter fenomenet, i forma begge, som vi brukar føre talordet to, mens vi brukar alle føre høgare talord:

  • begge to
  • alle tre / fire / fem osb.

Liknande fenomen finst i alle germanske språk, jamfør engelsk both of them mot all of them. På mellom anna romanske språk finst ikkje slikt, jamfør fransk, der det heiter tous les deux «alle to» akkurat som tous les trois 'alle tre' osb.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg