Droguet er eit småmønstrete stoff som vart vove med dobbel renning og eit einsfarga innslag. Botnrenninga bind toskaft, mens mønsterrenninga flotterer på retta i mønsteret og går elles i same skil som annankvar botntråd. Dermed får botnen ein ripsaktig utsjånad.

Faktaboks

Også kjend som
dragettes, dragetes

Det fantest ulike typar droguet, dels av rein silke eller ull, dels av blandingar av silke og bomull eller ull og lin.

Droguet liserés, droguet dauphine og droguet satiné er eksempel på ulike typar silkedroguetar. Droguet av ull vart gjerne produsert i Norwich og Bristol og blei kalla «Floretne», eit stoff som truleg kan samanliknast med taboret.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Kjelde: Jon Fredrik Skauge
  • Kjelde: Gunvor Rognså
  • Imsen/Winge: Norsk Historisk Leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg