Draktmetall er eit samleomgrep for alle gjenstandar av metall som blir bruka til ei drakt.

Draktmetall er ofte funksjonelt, som knappar, beltespenner og skjorteringar, men kan også vera til pynt, som brudekroner og mange søljer.

Draktmetall frå Noreg er som oftast av tinn, messing, bronse eller sølv, men det finst eksempel på bruk av både billegare og edlare metallslag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg