Kinesisk seglbåt
Kinesisk flatbotna seglbåt
Djunke
Kinesisk djunke, Huangpujiang, foto Karsten Petersen 1973
Djunkerrigg
Djunkerigga IF "Ingeborg"
Djunkerrigg
Av .

Djunkerigg, også kalla kinesisk lugger, er en type seglrigg med opphav i Kina som har firkanta sneisegl med spiler i heile breidda av seglet. Den tradisjonelle djunkeriggen har gjerne master utan stag og som ikkje er stilte rett etter kvarandre.

Faktaboks

Etymologi
djunke (engelsk junk), fra portugisisk junco; kanskje kinesisk dialekt for kinesisk flatbotna seglbåt

Medan segl i Europa er knappe to tusen år gamle, er den kinesiske djunkeriggen over 2000 år gammal. Under seilas oppfører dette djunkeseglet seg som eit vanleg sjølvslåande sneisegl.

Den viktigaste skilnaden frå segl i den vestlege kultursfæren er kor mykje enklare det er å reva djunkeseglet, og kor mykje mindre belastning det er på seglduken.

Til Vesten kom djunkeriggen fyrst i bruk på 1960-talet. Spesielt i Storbritannia blei ein god del mindre lystbåtar ombygde til djunkerigg, eller til og med bygde med djunkerigg frå starten av. Framleis finn ein lystfartøy med djunkerigg, men noka stor utbreiing har riggen ikkje fått.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg