djunkerigg

Kinesisk flatbotna seglbåt
Kinesisk djunke, Huangpujiang, foto Karsten Petersen 1973
Djunkerigga IF "Ingeborg"
Djunkerrigg
Av .

Artikkelstart

Djunkerigg, også kalla kinesisk lugger, er en type seilrigg med opphav i Kina som har firkanta sneisegl med spiler i heile breidda av seglet. Den tradisjonelle djunkeriggen har gjerne master utan staga som ikkje er stilte rett etter kvarandre.

Faktaboks

Etymologi

djunke (engelsk junk), fra portugisisk junco; kanskje kinesisk dialekt for kinesisk flatbotna seglbåt

Medan segl i Europa er knappe to tusen år gamle, er den kinesiske djunkeriggen over 2000 år gammal. Under seilas oppfører dette djunkeseglet seg som eit vanleg sjølslående sneisegl.

Den viktigaste skilnaden frå segl i den vestlege kultursfæren er kor mykje enklare det er å reva djunkeseglet, og kor mykje mindre belastning det er på seilduken.

Til Vesten kom djunkeriggen først i bruk på 1960-talet. Spesielt i Storbritannia blei ein god del mindre lystbåtar konverterte til djunkerigg, eller til og med bygde med riggen frå starten av. Framleis finn ein lystfartøy med djunkerigg, men noka stor utbreiing har riggen ikkje fått.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg