Det er vanskeleg å snakka om Agder som eit samanhengande og avgrensa dialektområde. Forklaringa bak den store språkvariasjonen på Agder ligg i topografien og i dei historiske og kulturelle forholda. Det gjev seg utslag i dialektgrenser (isoglossar) som går i retning nord-sør og skil austlege dialektar frå vestlege. Isoglossane fortel korleis folk som har vore busette på ulike plassar har hatt meir eller mindre  samband austover og vestover. Mykje tyder på at austlege språkdrag må ha breidd seg vestover: Dei har spreidd seg lengst mot vest langs kysten, der samkvæmet mellom folk var intenst og allsidig, og ikkje så langt vestover i dei midtre strøka, der høge heiestrekningar hindra språkframmarsjen.

Kystmåla i Aust- og Vest-Agder har mange felles drag, og er likare enn måla i midtre og indre strøk. Kystfolket hadde mykje kontakt både med kvarandre og med grannar i aust og vest. I tillegg hadde dei ein god del samband med folk frå andre landsdelar og frå utlandet. Til dømes har målføra mellom Arendal og Lista ein god del felles med måla på andre sida av Skagerrak – i Danmark. Det gjeld både dei «blaude» konsonantane, men også andre særdrag i lydverket og bøyingsverket.

Lengst aust i Aust-Agder, omkring Risør, liknar dialekten mykje på dei reint austlandske måla i Nedre Telemark. Det gjeld tonefallet, men også særdrag som tjukk l, tungespiss-r og retrofleksar. Slike austnorske drag minkar etter kvart som me reiser sør-vestover. Frå Kristiansand og vestover glir dialektane gradvis over i det vestnorske målområdet. Det gjeld både tonegang, fonologi og morfologi.

På Agderkysten har det vore livleg samband mellom folk på begge sider av Skagerrak, med Danmark, Holland og England, særleg på 1500- og 1600-talet og opp gjennom seglskutetida på 1800-talet. Særleg viktig er perioden som er kalla «hollendartida» på Sørlandet frå 1550 til 1750. Hollendarane kjøpte trelast og tømmer, og særleg var den sørlandske eika etter­trakta som verdfullt byggjemateriale. I tillegg kjøpte dei huder, skinn, mose til farging, smør, talg, ull og fisk. Sørlendingane kjøpte korn, salt, sild, ost og krydder. Unge menn på Agder tok seg arbeid på hollandske skip og jentene reiste til Holland og arbeidde som hushjelper. Sørlandskysten var på 1500-talet og vidare framover på heile 1800-talet eit slags Klondyke, der ein kunne høyra mange dialektar og tungemål. Folk i bygdene lenger inne i landet merka knapt noko til alt som føregjekk der ute ved kysten.

Når dialektar og språk møtest, kan språkutviklinga skyta fart: Det oppstår forenklingar i språksystemet. Kystmåla på Agder blir ofte karakteriserte som «moderne dialektar», det vil seie at dei har utvikla seg lengst vekk frå det gammalnorske språksystemet. Gammalnorsk hadde eit rikt bøyingssystem, med mange ulike endingar på orda. I kystmåla, frå Mandal i vest og austover langs Skagerrakkysten, har endingane ofte falle i hop til eit enklare bøyingssystem. Som døme på dette kan nemnast substantivbøyinga i Søgne-målet. Alle hankjønns- og hokjønnsord har her fått same endinga i fleirtal: fleire gude – alle gudan, fleire jente – alle jentan osb.

Når ein reiser innover i landet på Agder, kryssar ein fleire dialektgrenser der eitt særtrekk i talemålet sluttar og eit anna tek over. Dialekten endrar seg frå sokn til sokn oppover dalen. Dei midtre og indre måla på Agder må kallast arkaiske dialektar, og er i slekt med dei midlandske eller vestlandske måla. Særleg sterkt kjem dei alderdommelege særdraga til syne når me reiser opp Setesdalen. Frå Kristiansand til Valle, ei strekning på ca. 15 mil, endrar dialekten seg i ein grad som kan svara til 500 år med normal språkutvikling på ein og same staden. Setesdalsdialekten slik den blir snakka i øvre delar av dalen, er den dialekten i Noreg som ligg tettast opp til gammalnorsk. Her kan ein høyra ord og former – særleg hos eldre folk – som for lenge sidan er borte dei fleste andre stader i landet. I Øvre Setesdal har substantiva tre endingar i fleirtal, slik det var i gammalnorsk: fleire guta – adde gutan, fleire jentu – adde jentun, fleire skåli – adde skålin. Her finn me også dativbruk, det heiter denne feine dagjen (den fine dagen, vanleg form ), men saint å dagjæ (seint på dagen, dativform). Talorda har kjønnsbøying: tvei guta (to gutar), tvæ jento (to jenter) og tvau heus (to hus). trei kara, trjå jentu, trju bonn. Mange fleire arkaiske trekk kunne nemnast.

Sjå også artiklane dialekter i Aust-Agder og dialekter i Vest-Agder.

  • Hannaas 1921, Torleiv Hannaas: Sætesdals-målet. I: Norske Bygder I: Bergen: J. Grieg.
  • Skjekkeland 1978, Martin Skjekkeland: Noko om målet i Vest-Agder. I: Agder Historielags Årsskrift 56/1978: 115-137.
  • Skjekkeland 1999, Martin Skjekkeland: Agder – ein region mellom aust og vest. Kva skjer med talemålet i området? I: Målbryting 2/1999: 76-97 (= Skrifter frå prosjektet Talemålsendring i Noreg). Universitetet i Bergen.                                   
  • Syvertsen 1977, Ole Bernt Syvertsen: Egdemål. I: Alf Kristiansen (red.): Norske Bygder. Agder: 281-288. Oslo: Gyldendal.
  • Torp 1990, Arne Torp: Hvor er Sørlandet – og hva er sørlandsk? I: Jahr (red.) 1990, Ernst Håkon Jahr: Den store dialektboka: 29-44. Oslo: Novus.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.