Destinativ er ein grammatisk kasus som tyder 'fram til' og markerer endepunktet for ei rørsle eller eit tidsrom.

Faktaboks

Uttale
destˈinativ
Etymologi
av latin destinare 'fastsetje, etle, setje seg føre, vedta'

Dette kasuset, som òg er kjent under namna terminativ og approksimativ, er relativt uvanleg, men det finst i ein del språk rundt om i verda, mellom anna i baskisk og ungarsk.

Destinativ i baskisk

I baskisk blir dette kasuset berre brukt om stad, ikkje om tid. Mugaraino er destinativ av muga 'grense', og blir brukt til dømes som i denne setninga:

  • Destinativ: Hobe da autopista hartzea mugaraino. 'Det er betre å ta motorvegen fram til grensa.'

Destinativ står i motsetnad til den meir allmenne tilstadskasusen allativ, som tyder 'til', og retningskasuset direktiv, som tyder 'i retning av'. Dei er illustrerte i desse to setningane, der Donostiara er allativ av bynamnet Donostia (San Sebastian) og iparralderantz er direktiv av iparralde 'nord':

  • Allativ: Mikel Donostiara doa. 'Mikel reiser til Donostia.'
  • Direktiv: Iparralderantz goaz. 'Vi reiser mot nord / nordover.'

Destinativ i ungarsk

Ungarsk har destinativ-suffikset -ig, som blir brukt om både stad og tid. Dette er illustrert i desse setningane, der a házig er destinativ av a ház 'huset' og nyolcig er destinativ av nyolc 'åtte':

  • Elsétált a házig. 'Han/ho gjekk fram til huset.'
  • Nyolcig dolgozunk. 'Vi arbeider til åtte.'

I ungarsk står destinativ i motsetnad til fleire andre tilstadskasus: illativ 'inn i', sublativ 'opp på' og allativ 'til'.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg