Eit depotbibliotek er tradisjonelt eit fjernmagasin for bibliotek. Her står bøker og anna materiale som er mindre etterspurd.

I dag har Nasjonalbiblioteket eit depotbibliotek plassert i Mo i Rana. Det skal bidra til effektiv ressusbruk i det norske biblioteksystemet ved å overta lite brukt materiale frå andre bibliotek. Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket har også mykje norsk materiale som er pliktavlevert til Nasjonalbiblioteket, mikrofilm av aviser og tidsskrift, og anna materiale. Dette depotbiblioteket er dermed også ei teneste for biblioteka. Alle bibliotek kan bestilla fjernlån frå Nasjonalbibliotekets depotbibliotek.

Bibliotek kan også velja å setja materiale i eige magasin. Magasinet kan vera ope eller utilgjengeleg for publikum, det kan vera på eit bakrom eller eit anna hus.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg