Deponens er i grammatikken eit namn på det fenomenet at eit verb har passiv form men aktiv betydning, som norsk minnast 'hugse' eller ferdast 'reise'.

Faktaboks

Uttale
depˈonens

Eit verb med passiv form og aktiv betydning blir kalla deponent.

Deponens finst berre i språk der verbet har morfologiske skilnader i diatese — det vil seie skiljet mellom aktiv og passiv eller mellom aktiv, passiv og medium.

Ordet deponens er presens partisipp til det latinske verbet dēpōnere, 'leggje av', det vil seie verb som «legg av» den aktive forma.

Deponens i norsk

På norsk brukar vi suffikset -st til å danne passive verb:

  • aktiv drikke — passiv drikkast 'bli drukken'
  • aktiv ete — passiv etast 'bli eten'
  • aktiv reparere — passiv reparerast 'bli reparert'

Men det finst ein del verb som berre finst med dette suffikset, som ikkje har passiv betydning, og dei kan kallast deponente, sjølv om det ikkje er vanleg å bruken denne termen i norske grammatikkar:

  • bannast 'banne'
  • ferdast 'reise'
  • hanskast 'ha å gjere med, handtere'
  • minnast 'hugse'
  • synast 'meine'
  • ottast 'vere redd (for)'

Deponens i latin

Ordet deponens er best kjent frå latinsk grammatikk, og her er nokre eksempel:

  • ūtor 'eg brukar'.
  • hortor 'eg oppmuntrar'
  • vereor 'eg ottast, eg er redd'

Slike verb blir kalla for deponente. Dei står i motsetnad til verb som har både aktive og passive former med høvesvis aktiv og passiv tyding:

  • aktiv amō 'eg elskar' — passiv amor 'eg blir elska'
  • aktiv audiō 'eg høyrer' — passiv audior 'eg blir høyrd'

Deponens i andre gamalgresk

Gamalgresk skil morfologisk mellom aktiv, medium og passiv ved verbet, sjølv om skiljet mellom medium og passiv ikkje kjem fram i alle former. Her er eit eksempel:

  • aktiv: pareskeúasen (παρεσκεύασεν) 'han førebudde (noko)'
  • medium: pareskeuásato (παρεσκευάσατο) 'han førebudde seg'
  • passiv: pareskeuásthē (παρεσκευάσθη) 'han blei førebudd'

Men nokre verb har berre mediale eller berre passive former, utan at betydninga er medial eller passiv. I mange grammatikkar blir slike verb kalla deponente:

  • berre medium: hēgēsámēn (ἡγησάμην) 'han gjekk føre, han leidde'
  • berre passiv: ephobḗthēn (ἐφοβήθην) 'han var redd'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg