Denominativ er i språkvitskapen eit verb som er laga av eit nomen – det vil seie eit substantiv eller adjektiv – som verbet dømme av substantivet dom og verbet surne av adjektivet sur.

Faktaboks

Uttale
denˈominativ
Etymologi
av de- og latin ‘navn’
Også kjend som

denominal

Her er fleire norske denominative verb:

  • kalve 'føde kalv' ⇐ substantivet kalv
  • grise 'få grisungar; ureine, skitne, søl' ⇐ substantivet gris
  • lamme 'få lam' ⇐ substantivet lam
  • ryggje / rygge 'gå, fare baklengs' ⇐ substantivet rygg
  • fiske 'fange fisk' ⇐ substantivet fisk
  • hagle 'kome/falle hagl' ⇐ substantivet hagl
  • augne / øygne 'berre så vidt på auge på' ⇐ substantivet auge
  • lamme 'gjere lam' ⇐ adjektivet lam
  • stivne 'bli stiv' ⇐ adjektivet stiv
  • raudne / rodne 'bli raud' ⇐ adjektivet raud
  • kvesse 'gjere kvass' ⇐ adjektivet kvass
  • skjerpe 'gjere skarp' ⇐ adjektivet skarp
  • trøytte 'gjere trøytt' ⇐ adjektivet trøytt
  • forlengje / forlenge 'gjere lengre' ⇐ adjektivet lang

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg