Delativ er i grammatikken ein kasus som tyder 'frå overflata av'. Det kan brukast i setningar der vi på norsk ville seie «Han tok vekk matta vekk frå golvet» eller «Fuglen flaug bort frå taket».

Faktaboks

Uttale
dˈelativ
Etymologi
av latin ‘føre bort frå’

Delativ finst i fleire språk, mellom anna i ungarsk og finsk. I finsk grammatikk blir denne kasusen til vanleg kalt ablativ.

Ungarsk delativ

Sublativ, superessiv og delativ.
Sublativ, superessiv og delativ.
Lisens: CC BY SA 3.0

Her er nokre ungarske eksempel som viser korleis kasusen delativ (med suffikset -ről) skil seg frå kasusa sublativ (med suffikset -re) og superessiv (med suffikset -en) ved substantivet szék 'stol':

  • sublativ (til overflata av): a lány leült a székre 'jenta sette seg på stolen'
  • superessiv (på overflata av): a lány a széken ül 'jenta sit på stolen'
  • delativ (frå overflata av): a lány felállt a székről 'jenta reiste seg frå stolen'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg