Deklinasjon er ordbøying av den typen som er karakteristisk for substantiv, som bøyinga av det norske substantivet lampe, med bøyingsformene lampe, lampa, lamper, lampene.

Faktaboks

Uttale
deklinasjˈon
Etymologi

Av latin declinare 'bøye til sida'

Typisk deklinasjon er bøying i tal, binding (bestemtheit), kasus og grammatisk kjønn. Ord med deklinasjon er fyrst og fremst substantiv, adjektiv, pronomen og determinativ, men i ein del språk også partisipp.

Deklinasjon står i motsetnad til konjugasjon, som er bøying av verb i mellom anna modus, tempus, diatese, tal og person, og komparasjon (gradbøying), som fyrst og fremst er bøying av adjektiv og adverb.

Deklinasjon i engelsk, norsk, latin og islandsk

Det varierer sterkt frå språk til språk kva for grammatiske kategoriar deklinasjonen omfattar. Her er nokre eksempel, illustrert med substantiv som tyder 'hest':

I engelsk blir substantiva deklinerte berre i tal:

eintal fleirtal
horse horses

I norsk kjem binding (bestemtheit) i tillegg:

eintal fleirtal
ubunden / ubestemt hest hestar
bunden / bestemt hesten hestane

latin omfattar deklinasjonen kasus og tal:

eintal fleirtal
nominativ equus equī
vokativ eque equī
akkusativ equum equōs
dativ equō equīs
ablativ equō equīs
genitiv equī equōrum

Islandsk substantivbøying omfattar kasus, tal og binding (bestemtheit); ubunden og bunden tilsvarer bokmål ubestemt og bestemt:

eintal fleirtal
ubunden bunden ubunden bunden
nominativ hestur hesturinn hestar hestarnir
akkusativ hest hestinn hesta hestana
dativ hesti hestinum hestum hestunum
genitiv hests hestsins hesta hestanna

Deklinasjon betyr også bøyingsklasse

Dei ulike bøyingsklassane til substantiv og adjektiv blir omtala som deklinasjonar. Til dømes blir det latinske substantivet equus 'hest' rekna til 2. deklinasjon. Substantiv i 2. deklinasjon er hankjønns- eller inkjekjønnsord. Substantivet equa 'merr' høyrer derimot heime i 1. deklinasjon, der dei fleste suffiksa har ei anna form:

eintal fleirtal
nominativ equa equae
vokativ equa equae
akkusativ equam equās
dativ equae equis
ablativ equā equiīs
genitiv equae equārum

Dei fleste latinske substantiva i 1. deklinasjon er hokjønnsord, som equa 'merr', medan nokre få er hankjønnsord.

Norske deklinasjonar

Også på norsk kan substantiva delast inn i ulike deklinasjonar eller bøyingsklassar, som viser seg i fleirtalsformene.

Nynorske deklinasjonar

Nynorske substantiv har fleire deklinasjonar, og dette er dei tre vanlegaste; her med namn etter endinga i ubunden fleirtal. Substantiv utan ending i ubunden fleirtal høyrer til Ø-deklinasjonen; Ø er eit vanleg språkvitskapleg symbol for null:

  • ar-deklinasjonen
    • hest, hesten, hestar, hestane
    • lærar, læraren, lærarar, lærarane
    • vinter, vinteren, vintrar, vintrane
    • kjerring, kjerringa, kjerringar, kjerringane
    • ende, ender, endar, endane
  • er-deklinasjonen
    • gjest, gjesten, gjester, gjestene
    • skål, skåla, skåler, skålene
    • jente, jenta, jenter, jentene
  • Ø-deklinasjonen
    • ting, tingen, ting, tinga
    • hus, huset, hus, husa
    • mønster, mønsteret, mønster, mønstera
    • eple, eplet, eple, epla

Bøyinga i eintal er bestemt av det grammatiske kjønnet, ikkje av bøyingklassen. Men ane-deklinasjonen dominerer ved hankjønnsord, ene-deklinasjonen ved hokjønnsord, mens a-deklinasjone er nesten einerådande i inkjekjønn, sjeldsynt i hankjønn og truleg fråverande i hokjønn.

Deklinasjonar på bokmål

Bokmål har også fleire deklinasjoner

  • er-deklinasjonen
    • hest, hesten, hester, hestene
    • gjest, gjesten, gjester, gjestene
    • skål, skåla/skålen, skåler, skålene
    • kjerring, kjerringa / kjerringen, kjerringer, kjerringene
    • eple, eplet, epler, epla / eplene
  • e-deklinasjonen
    • lærer, læreren, lærere, lærerne
    • vinter, vinteren, vintere / vintre / vintrer, vinterne / vintrene
    • søster, søstera / søsteren, søstre / søstrer, søstrene
    • mønster, mønsteret, mønster / mønstre, mønstera / mønstrene
  • Ø-deklinasjonen
    • ting, tingen, ting, tinga / tingene
    • hus, huset, hus, husa / husene

E-deklinasjonen har mange alternative fleirtalsformer, og ein del av variasjonen er styrt av genuset til orda. Noko av valfridomen har å gjere med skiljet mellom «radikalt» og «konservativt» / «moderat» bokmål.

Genitiv-s

Norske substantiv blir ikkje bøygde i kasus, slik at til dømes substantivet gjest ikkje har bøyingsformene gjests, gjestens, gjesters og gjestenes i tillegg til dei fire bøyingsformene som er nemnde lenger oppe. Genitiv-s er ikkje eit bøyingssuffiks, men eit enklitikon.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg