Ved koking av vatn vert det laga synleg damp. Dampen er samansett av vassmolekyl i gassform over væska.

Damp er ein gass som er i likevekt med stoff som er faste eller flytande ved vanleg trykk og temperatur.

Ei væske i ein lufttom behaldar vil heilt eller delvis fordampe, og behaldaren vil fyllast med damp frå væska. Dampmengda i behaldaren aukar anten til væskemengda er blitt borte, eller til dampen har nådd eit visst trykk (mettingstrykket).

Mettingstrykket er karakteristisk for kvart stoff. For alle stoff aukar mettingstrykket sterkt med temperaturen.

Metta damp

Fordampinga kjem av at molekyla i væska er i stadig rørsle. Av og til bevegar dei seg slik at dei trengjer gjennom væskeoverflata. Dei opptrer då som molekyl i gassen over væska.

Men også i gassen er molekyla i livleg rørsle, og difor går det stadig molekyl over frå gassen til væska igjen.

Når det går like mange molekyl frå væske til damp som frå damp til væske, er dampen metta.

Umetta damp

Viss all væske i ein behaldar fordampar utan at dampen blir metta, får ein umetta damp. Ein får også umetta damp ved å la ein behaldar som berre inneheld metta damp, utvide seg, eller ved å varme opp metta damp utan å føre til ny væske. Umetta damp blir difor også kalla overheita damp. Denne kan gjerast metta igjen ved samantrykking eller avkjøling.

Ved samantrykking følgjer umetta damp nær den vanlege gasslova (Boyle-Mariottes lov), som seier at produktet av trykk og volum for ein gass er konstant når temperaturen blir halden uendra.

Når samantrykkinga eller avkjølinga held fram etter at dampen er metta, går dampen delvis over til væske. Denne prosessen blir kalla kondensasjon.

I eit lukka kar med ujamn temperatur vil damptrykket vere minst der temperaturen er lågast. Damp strøymer difor dit og kondenserer ved den kaldaste veggen (Watts lov om den kalde veggen). Dette blir nytta i kondensatoren i ei dampmaskin og ved destillasjon.

Kondensasjonen går føre seg ved at det omkring uregelmessigheiter eller ureinskapar (kondensasjonskjernar) i dampen eller på veggene byrjar å danne seg små dropar. Ein får doggdanning på veggene eller tåkedanning i dampen.

Eigenskapar

Rein damp er klar, gjennomsiktig og oftast fargelaus. Når vassdamp blir grå og lett synleg over varme væsker og i skyer, kjem dette av at han blir avkjølt så mykje at det har danna seg tett med små dropar i dampen.

Den temperaturen ein damp under bestemt trykk må avkjølast til for å bli metta, blir kalla doggpunktet. Viss det ikkje finst eigna kondensasjonskjernar i dampen eller på veggene, kan han avkjølast langt under doggpunktet før han byrjar å kondensere. Dampen blir då kalla underkjølt eller overmetta.

Mettingstrykket av ein damp er uavhengig av om det er andre gassar til stades over væska. Trykket i dampen vil addere seg til trykket av dei andre gassane, i tråd med Daltons lov.

Blir temperaturen til ein damp heva over eit visst nivå, den kritiske temperaturen, vil dampen ikkje kunne kondenserast same kor mykje han blir trykt saman. Stoffet kan då berre eksistere i rein gassfase. Kritisk temperatur for vatn er 374 °C. Over denne temperaturen kan vatn berre eksistere som vassdamp, uansett trykk.

Også faste stoff kan fordampe, men i dei fleste tilfelle er mettingstrykket til dampen då så lågt at det ikkje kan målast. I nokre tilfelle kan dampen påvisast ved at ein kjenner lukt frå stoffet, og i enkelte tilfelle, særleg for stoff med lågt smeltepunkt, kan mettingstrykket til dampen vere målbart, og ein kan sjå at stoffet dunstar bort når det blir oppbevart i eit ope rom. Stoffet går då direkte frå fast form til gass, ein prosess som blir kalla sublimasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg