Damoklessverd er ein overhengande, trugande fare.

Faktaboks

Uttale
damˈoklessverd

Uttrykket er henta frå historia om Damokles. Damokles var ein ung mann som stod høgt i gunst hos kong Dionysios av Syrakus. Då Damokles prisa Dionysios som den lukkelegaste av alle dødelege, sette Dionysios han på sin eigen plass og oppvarta han fyrsteleg. Damokles var først begeistra, men blei fælande redd då han såg at det hang eit sverd i eit hestehår over hovudet hans, og bad seg friteken frå stillinga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg