D.d. er ei forkorting for «dags dato», det vil seie inneverande dag, altså i dag.

Faktaboks

Døme på bruk: Frå dags dato tyder «frå og med i dag», og til dags dato tyder «til og med i dag».

Eldre tydingar

I dag blir d.d. så å seie berre brukt som forkorting for «dags dato». I eldre tekstar kan ein finne forkortinga brukt på andre måtar:

  • De dato, «frå i dag av»
  • Deo duce, latin for «med Guds hjelp»
  • Dicto die, latin for «nemnde dag»
  • Diis, til gudane
  • Dono dedit, latin for «(han) har gitt som gåve»

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg