Chileflamingo
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Chileflamingo er ein stor fugleart i flamingofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phoenicopterus chilensis
Beskriven av
Molina, 1782

Vaksne hannar veg rundt 3,6 kilo og hofuglane rundt 2,5 kilo.

Arten er knytt til salte, brakkeeller alkaliske sjøar, mudder og marine kysthabitat. Chileflamingo lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ti veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fem til seks år.

Chileflamingo lever vanlegvis i rundt 40 år, men enkelte individ kan bli opptil 50 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

chileflamingo
Phoenicopterus chilensis
Artsdatabanken-ID
3945

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg