Artikkelstart
Cherokesisk er eit språk i den sørirokesiske greina av den irokesiske språkfamilien. I folketeljinga i USA i 2000 blei det registrert 390 902 etniske cherokesarar. Om lag 22 500 av dei kan snakke cherokesisk – 14 000 i Oklahoma og 8 500 i Nord-Carolina.
Faktaboks
- Språkkoder
- chr (CHR)
- ISO-639:3
- chr
Cherokesarane er organiserte i tre stammer, Cherokee Nation og United Kituwah Band of Cherokee Indians i Oklahoma og Eastern Band of Cherokee Indians i Nord-Carolina. Cherokesisk er offisielt språk, i tillegg til engelsk, hos stammene i Oklahoma. I område under cherokesisk jurisdiksjon finst det tolketeneste på sjukehus og i helsesenter for folk som ikkje kan engelsk. Stammene driv omfattande språkvitalisering. Språket blir nytta i administrasjon, skular, presse, radio og fjernsyn.
Cherokesisk skrift er tilgjengeleg på datamaskinar, lesebrett og smarttelefonar. Det finst òg ei blindeskriftutgåve av cherokesisk skrift.
Språket heiter jalagi (ᏣᎳᎩ) på vestcherokesisk og jaragi på austcherokesisk. Jaragi er opphavet til engelsk Cherokee og vårt cherokesisk. Dalígwa (ᏓᎵᏆ) er namnet på den vestcherokesiske hovudstaden – Tahlequah på engelsk. Delstatane der cherokesarane bur – Oklahoma og Nord-Carolina – heiter oogalahoóma (ᎣᎦᏔᎰᎹ) og uúhyvv́dlv́ gayaleeni (ᎤᏴᏢ ᎦᏯᎴᏂ).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.