Casus obliquus er i grammatikken eit samlenamn på andre kasus enn nominativ. På norsk heiter det òg oblik kasus.

Faktaboks

Uttale
kˈasus oblˈikvus
Etymologi
latin cāsus oblīquus ‘bøygd kasus’, fleirtal cāsūs oblīquī
Også kjend som

oblik kasus

Det latinske uttrykket cāsus oblīquus tyder direkte omsett 'skeiv kasus' eller 'bøygd kasus'. Adjektivet oblīquus tyder 'skeiv, bøygd' og heng saman med verbet oblīquāre 'setje på skrå'. Termen skriv seg frå latinsk grammatikk i antikken, der han stod i motsetnad til cāsus rēctus 'rett kasus'. I fleirtal heiter det casūs oblīquī og casūs rēctī 'beine/rette kasus'.

Tabellen under viser eintalsformene til ordet for 'hest' på norrønt og latin, med informasjon om kva kasus som er casūs rēctī og kva for nokre som er casūs oblīquī. Vokativ blir klassifisert ulikt av ulike grammatikarar.

HESTR EQUUS
nominativ hestr equus casus rēctus
vokativ eque casus rēctus / oblīquus
akkusativ hest equum casus oblīquus
dativ hesti equīs casus oblīquus
ablativ equīs casus oblīquus
genitiv hests equī casus oblīquus

Casus rēctus og casus oblīquus er kalkeringar over gresk ptō̂sis orthḗ (πτῶσις ὀρθή) 'rett/bein/opprett kasus' og ptō̂sis plagía (πτῶσις πλαγία) 'skeiv/skrå kasus'. Opphavet til og tankegangen bak desse nemningane er uviss.

Casus obliquus i norsk

På norsk brukar vi som regel den norvagiserte forma oblik kasus for casus obliquus. Moderne norsk har berre kasusbøying ved pronomen, og det er vanleg å kalle dei to kasusformene (i tillegg til possessive former) for nominativ og oblik (ikkje alle pronomen har dette skiljet), fordi akkusativ eller dativ ikkje er høvelege namn på kasusen som ikkje er nominativ (særskilde bokmålsformer står etter |):

nominativ oblik
1. person eintal eg | jeg meg
2. person eintal du deg
3. person eintal hankjønn han han / (honom) | ham
3. person eintal hokjønn ho | hun ho / henne
3. person eintal inkjekjønn det det
1. person fleirtal vi / me oss
2. person fleirtal de / dokker | dere dykk / dokker | dere
3. person fleirtal dei | de dei | dem

Casus obliquus i andre språk

Det finst òg mange andre språk som berre har to kasus (pluss i nokre tilfelle vokativ), som blir kalla nominativ (eller casus rectus) og casus obliquus, mellom anna kurdiske språk, indoariske språk (som hindi, urdu og romanes) og dravidiske språk (som malajāḷam og tamil).

Her er bøyingsmønsteret til hindi bǝcca 'barn' (vokativ blir rekna som verken casus rectus eller casus obliquus):

eintal fleirtal
nominativ / casus rectus bǝcca बच्चा bǝcce बच्चे
casus obliquus bǝcce बच्चे bǝccoŋ बच्चों
vokativ bǝcce बच्चे bǝcco बच्चो

Casus obliquus blir i desse språka brukt føre postposisjonar, som i bǝcce se 'frå barnet'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg