Bøffeland
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Bøffeland er ein liten andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Bucephala albeola
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 480 gram og hofuglane rundt 330 gram.

Arten er knytt til boreal skog, ulike våtmarkshabitat og marine kysthabitat. Bøffeland lever av virvellause dyr (invertebratar) og fisk som han fangar under vatn.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt åtte egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Bøffeland lever vanlegvis i rundt 15 år, men enkelte individ kan bli opptil 19 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bøffeland
Bucephala albeola
Artsdatabanken-ID
128056

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg