Bytting av barn
Av /Worm-Petersen, Severin.
Lisens: CC BY 2.0
En Signekjærring
Truer om bytingar vitnar truleg om eldre tiders barnemishandling. I Asbjørnsens "En signekjerring" får kona det rådet at ho skal ta ungen på søpledynga og rise han tre torsdagskveldar på rad, så kjem mora og byter ungane om att.
Av /Nasjonalmuseet.

Byting var i norsk folketru eit barn som dei underjordiske (huldrer) hadde bytt med eit nyfødd menneskebarn.

Faktaboks

Etymologi
dansk skifting, engelsk changeling, tysk Wechselbalg,
Også kjend som

bytting

Førestillingane har utgangspunkt i trua på at nyfødde og udøypte barn var særleg utsette for alle slags farar. Dei underjordiske misunte styrken og helsa til menneska, og derfor kunne dei byte borna sine med menneskeborn for å få denne styrken inn i eiga ætt.

Ein byting blei identifisert gjennom funksjonshemming som ikkje var oppdaga ved fødselen, at barnet var mykje sjukt, hadde ekstrem stor appetitt, hadde spesielle merke på huda eller generelt ved at barnet blei oppfatta som stygt.

Hadde folk fått ein byting i hus, prøvde dei å kvitte seg med han. Plaga ein barnet slik at det skreik og bar seg, trudde folk at den rette mora, huldrekvinna, ville kome og hente det. Då ville ho òg levere menneskebarnet tilbake.

For å hindre byting av menneskeborn før dåpen las ein Guds ord over barnet, sydde krossmerke inn i kleda til barnet eller la stål eller arvesølv i vogga.

Det er overlevert ei rekke segner om bytingar, best kjende er kanskje dei som finst i Asbjørnsens «En signekjærring» i Norske huldreeventyr og folkesagn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bø, Olav (1987): Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hodne, Ørnulf (2011): Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo: Cappelen Damm

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg