burusjaskisk

Artikkelstart

Burusjaskisk er eit språk som blir brukt i Karakorumfjella i dei vanskeleg tilgjengelege områda langs Hunza-elva i det aller nordlegaste hjørnet av Kashmir (Pakistan). Det er nærmare 100 000 personar som snakkar språket (2000). Det har ikkje vore mogleg å påvise slektskap mellom burusjaski og noko anna språk i verda.

Faktaboks

Også kjent som

burushaskisk

Uttale
burushˈaskisk
Språkkoder
bsk (BSK)
ISO-639:3
bsk

Burusjaski har ingen formell status og blir lite nytta som skriftspråk.

Språket heiter buruɕaaski på burusjaski. I Nagar kallar dei språket kʰaʑuna. Ein person som høyrer til den etniske gruppa som snakkar språket, er ein buruɕin, i fleirtal buruɕo. Dialekten i Yasin er kjend under namnet «werchikwar». Ein person frå Hunza heiter hunzo, fleirtal hunzukuts.

Språkfamilie

Det har ikkje vore mogleg å påvise slektskap mellom burusjaski og nokon andre språk i verda.

Ein reknar med tre hovuddialektar, som er oppkalla etter dei tre dalføra Hunza, Nagar og Yasin.

Språkhistorie

Buruɕo – dei som taler burusjaski – har ei legende om at dei er etterkomarar av soldatane til Aleksander den store. Legenda fortel at då Aleksander den store fór gjennom området, blei nokre av soldatane hans att og grunnla Baltir, hovudstaden i Hunza, som blir framstilt som den opphavlege heimbyen til alle buruɕo.

Lite er kjent om burusjaski før det blei skildra av britiske kolonitenestemenn i 1880-åra. Hovudverket om språket er trebandsverket The Burushaski Language av Lt. Col. D.L.R. Lorimer, som blei utgitt av Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo i 1935–1938. Den norske språkforskaren Georg Morgenstierne (1892–1978) publiserte i 1945 artikkelen Notes on Burushaski Phonology i Norsk tidsskrift for Sprogvidenskap.

Språksystem

Substantiva i burusjaski har fire grammatiske kjønn :
  • menneske, hankjønn
  • menneske, hokjønn
  • ikkje menneske, teljeleg
  • ikkje menneske, ikkje teljeleg

Setningsstrukturen liknar den vi finn i dei fleste språka på det indiske subkontinentet, med subjekt + objekt + verbal, og med kasusbøying (substantiv utan kasusmerke har kasuset absolutiv):

  • Terizaa Saliim idelumo 'Teresa slo Salim.'
  • Teriza-a Saliim i-del-umo
  • Teresa-ergativ Salim hanO-slo-hoS
  • Mii inere baarʑoko juutɕan 'Vi gav han pengar.'
  • mi-i in-e-re baarʑoko j-uutɕ-an
  • Vi-ergativ han-dativ pengar hanO-gav-viS

Verbet har likevel ein meir komplisert struktur enn andre språk i området, med prefiks for objekt (O) og suffiks for subjekt (S), som vist i døma ovanfor.

Uttale

Burusjaski har fire korte og fem lange vokalar, i, e, a, o, u, ii, ee, aa, oo, uu. Det finst òg nasale utgåver av alle desse vokalane.

Konsonantsystemet er stort, med 36 ulike fonem.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg