Artikkelstart
Bunadskategoriane er ei inndeling av norske bunader og folkedrakter, laga av Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
Kategoriane vart brukt fyrste gong i informasjonsheftet Norske bunader – bakgrunn rekonstruksjon bruk i 1979 og er truleg utarbeidd av Åse Lange i det som då heitte Landsnemnda for bunadsspørsmål. Dei er bygd på korleis Ulla Centergran, svensk professor i etnologi, definerer bunad med utgangspunkt i kva som blir brukt som bunad i dag og både frie komposisjonar og vitenskapelege rekonstrusjonar er med. Inndelinga er bygd på det historiske aspektet ved bunaden og kva kjeldegrunnlag dei einskilde bunadane er laga etter. Det er viktig å merka seg at kategoriane ikkje seier noko om kor fin eller kor rett ein bunad er. Fleire av bunadane i kategori fire og fem vart utvikla for over 100 år sidan og har vore særs viktige for den levande norske bunadtradisjonen.
Inndelinga vert i dag brukt i fagmiljøet, men dei fleste bunadbrukarar bruker dei ikkje. Det kan ha samanheng med at kategoriane kan vera flytande og to variantar av same bunad kan vera i kvar sin kategori. For folk flest er den personlege tilnærminga til eigen bunad viktigare enn historisk tilknyting, og ein nedarva familiebunad kan ha stor personleg verdi sjølv om han er plassert i kategori fem.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.