Bumann er i Nord-Noreg ei tidlegare nemning på ein fastbuande, norsktalande bonde, til skilnad frå den nomadiske folkesetnaden av flyttsamar. I eldre tid var det også ei nemning på den samisktalande befolkninga av sjøsamar.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt búmaðr ‘fastbuande person’

Den gamle befolkninga av samiske gardbrukarar i Sør-Troms og det nordlege Nordland – som allereie i løpet av 1800-talet var vanskeleg å skilje frå den norske befolkninga – vart kalla bufinnar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg