Bufar er det å flytte til ein ny bustad med gods og buskap.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt búferð, -fǿrsla og -fǫr, til skilnad frå búfar, som betyr ‘gardsdrift’
Også kjend som

buferd, bufær, buføring

Uttrykket blir særleg brukt om buføring, det vil seie å flytte til og frå sætra med buskapen. Dagen dette skjer, blir kalla bufardagen. Bufardagen er ofte fastsett etter gamal sedvane for kvar gard eller grend. Då vart det gjerne traktert med bufargraut eller annan bufarmat.

I nyare tid er uttrykket oftast brukt om flytting frå sætra.

Bufar kan mellom anna også heite buferd, bufær, buføring.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg