Bringesølv i rød ull med sølv
Av .
Brud med brudekrone
Brud fra Hardanger med brudekrone. Kolorert foto fra 1904.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Brudesølv er draktsølv som høyrer til ei bruredrakt. Brudesølv kan også vere av andre metall, til dømes bronse, eller det kan vere forgylt.

Faktaboks

Også kjend som
bruresylv, bruresølv

Omgrepet er i Jølster, Fana , Osterøy og Vik brukt i vid tyding om heile brurebunaden med hovudplagget og alt som høyrer til. Andre stader er omgrepet brukt i snever tyding om bringesølvet.

Nokre stader blir bruresølv brukt om eit brurehovudplagg, eit raudt rektangulært stoffunderlag med utsmykningar i sølv.

Bryllaup var ei av dei viktigaste høgtidane og brurepyntinga var eit viktig rituale kor eigne brurekoner hjelpte til. Ei brur kunne ha opp til tre sølvbelter, krone og brystsølv. Mykje sølv var eit statussymbol for familien til brura og sjølv om nokre familiar hadde eige sølv måtte dei fleste låne.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Aagot Noss: Lad og krone, 1991

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg