Bronsevipe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Bronsevipe er ein stor vadefugl i lofamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Vanellus chilensis
Beskriven av
(Molina, 1782)

Som vaksen veg fuglen rundt 340 gram.

Arten er knytt til overfløymd tropisk grasmark, beitelandskap og myr. Bronsevipe lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 27 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bronsevipe
Vanellus chilensis
Artsdatabanken-ID
175730

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg