Brokadehane
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Brokadehane er ein middels stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i India.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gallus sonneratii
Beskriven av
Temminck, 1813

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 960 gram og hofuglane rundt 750 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog og tørr tropisk buskmark. Brokadehane lever i hovudsak av frø, virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 20 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

brokadehane
Gallus sonneratii
Artsdatabanken-ID
174588

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg