Breelv er ei elv som fører smeltevatn frå ein isbre. Breelvar har vanlegvis stor materialtransport av materiale som er erodert frå undersida av breen eller frå morenar under og framfor breen.

På grunn av store mengder botntransportert materiale og sterkt skiftande vassføring vil breelvar i slakare parti få skiftande, forgreina løp med bankar av grovt materiale. Finare materiale (breslam) blir kvervla opp i vassmassane (suspendert materiale) og gjer vatnet grått.

Lenger nedstraums for breen vil konsentrasjonen av suspendert materiale vere lågare og ha gjennomsnittleg mindre kornstorleik. Her vil breelvar på grunn av lysbrytinga få ein karakteristisk grønaktig farge.

Breelvar har vassføringstoppen sin i dei varmaste sommarmånadene, når smeltinga frå breen er størst. I smeltesesongen er vassføringa i breelvar vanlegvis minst om morgonen og størst om ettermiddagen eller kvelden.

Materiale som er avsett av breelvar, blir også kalla glasifluvialt materiale.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg