bramsegl

Seilskip

Segl 15. og 20. på fokkemast og stormast er bramsegla på denne barken, fjerde i høgda, over mers.

Av /Store norske leksikon ※.

Artikkelstart

Bramsegl er eit segl på seglskuter med skværrigg.

Faktaboks

Etymologi
frå nederlandsk bramzeil
Også kjent som

bramseil

Bramseglet står på bramstonga, tradisjonelt det øvste leddet av masta. Tidlegare var det kun eitt bramsegl, men frå midten av 1800-tallet vart seglskutene så store at ein delte bramseglet i to: Øvre bramsegl, bovenbramsegl eller røylsegl, og undre eller store bramsegl. Rærne som seglet er festa til, blir kalla bramrå. Eit oppdelt bramsegl har difor: Øvre bramrå, bovenbramrå eller røylrå, og undre eller store bramrå. Bramsegl og rær er nummer 4 og 5 frå dekk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg