Bore er ei rund metallplate til å sy fast på eit plagg og er som regel laga av sølv. Bore blir brukt på belte, liv, som bringesølv, lad og liknande.

Faktaboks

Også kjend som
speil

Bora kan vere flat eller forhøga, med eller utan lauv, og ha driven, siselert eller filigrans dekor.

I Gloppen blir bore brukt om silkebanda som er festa bak på brurekrona.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg