Bobinettblonder
Bobinettblonder
Av /Norsk bunadleksikon.

Bobinett er eit blondestoff som maskinelt etterliknar dei sekskanta hola i handkniplingar.

Faktaboks

Også kjend som
bommenet

Stoffet blir laga med ein vevteknikk som liknar på knipling, med to sett innslagstråder som blir tvunne rundt renningstrådane og kryssar kvarandre på skrå, slik at moskene blir sekskanta. Dei blir som regel laga av silke eller bomull, ein sjeldan gong av ull.

Bobinett blir òg brukt som eit namn på tyll av ulike typer, glatt eller mønstra. Det siste etterliknar Alencon-knipling.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Ellen Andersen: Danske dragter, Moden i 1700- årene; Moden 1790–1840

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg