Blokkebær er ein busk i bærlyngslekta i lyngfamilien. Busken blir 40–70 centimeter høg, har raudaktige blomar og feller blada om hausten. Busken er utbreidd i myrlendt mark over heile landet. Bæra er lyseblå og saftige som blåbær, men kvite innvendig.
Faktaboks
- Også kjend som
- skinntryte, mikkelsbær
- Vitskapeleg namn
- Vaccinium uliginosum
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
På Austlandet blir dei kalla skinntryte, på Sørlandet og i Vestfold og Østfold mikkelsbær.
Nivå | Norsk namn | Vitskapleg namn |
---|---|---|
Art | Blokkebær | Vaccinium uliginosum |
Slekt | Bærlyngslekta | Vaccinium |
Familie | Lyngfamilien | Ericaceae |
Orden | Lyngordenen | Ericales |
Klasse | Tofrøblada plantar | Dicotyledoneae |
Rekkje | Dekkfrøa plantar | Angiospermae |
Rike | Planteriket | Plantae |
Kommentarar (2)
skreiv Gunnar Hansen
Er blokkebær også er en dvergbusk?
skreiv Unni Vik
Hei.
Ja, den er såpass liten at den går under definisjonen dvergbusk.
Alt godt, Unni
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.