Volleyball

Frå ein volleyball-kamp mellom Russland (i raudt) og Tyskland under VM for kvinner i Japan 2006. Den russiske spelaren forsøker å smashe forbi den tyske blokka.

Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Blokk er i volleyball ein måte å prøve å stoppe ballen på, rett etter at motstandaren har smasha i volleyball. Éin eller fleire spelarar kan danne ei blokk for å hindre ballen i å passere nettet.

Blokka vert utført inntil nettet ved at spelarane hoppar og strekkjer armane over hovudet. Målet er å blokkere ballen frå å komme over nettet. Ei blokkberøring tel ikkje som eitt av laget sine tre berøringar på ballen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg