Drepanepteryx phalaenoides
Bladlusløver er varierte. Sigdbladlusløva med sine karakteristiske vingar og brune farge kan likne eit dødt blad.

Bladlusløver er ein familie brune, grå eller gulbrune insekt i ordenen nettvenger som ein kan finne på tre og busker. Både larvane og dei vaksne er rovdyr, og på dietten finn vi mellom anna bladlus. I verda kjenner ein til omkring 550 artar av bladlusløve, frå Noreg kjenner ein til 29. Bladlusløva er vanleg i heile landet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Hemerobiidae
Beskriven av
Pierre André Latreille, 1802

Larvane til gullauge (Chrysopidae, en annen nettvingefamilie) vert ofte kalla bladlusløver, men høyrer altså til ein annan art.

Skildring

Bladlusløvene varierer i storleik, dei største artane kan ha ein forvingelengde på opptil 16 mm, medan dei minste gjerne har ein forvingelengde på berre 2,5 mm. Dei ulike artane av bladlusløvene kan vere vanskeleg å skilje frå kvarandre, så det sikraste er ofte å sjå på genetaliane til hannane. Nokre artar har likevel karakteristiske trekk, eit døme er sigdbladlusløva (Drepanepteryx phalaenoides) som med sine karakteristiske vingar og brune farge kan likne eit dødt blad.

Larvane er ofte lange og smale med bein. Fargen er lys, men med mørke trekk som eit mønster eller ein «flekk». Larvane til dei ulike artane er svært like kvarandre, så det vil vere vanskeleg å bestemme larven til rett art.

Levevis

Bladlusløvene finst på busker og tre. Nokre artar er knytte til bestemte busker eller tre, som for eksempel mørkbladlusløve (Sympherobius fuscescens) som er knytt til furu, medan edelbladlusløve (Sympherobius elegans) ofte er å finne på eik. Dei fleste bladlusløveartane er anten knytte til bartre eller lauvtre, men nokre artar finn vi på båe.

Bladlusløvene er rovdyr både som larvar og vaksne. Dei et bladlus, skjoldlus og andre små insekt. På grunn av dette blir bladlusløver somme stadar avla opp og brukt for å bekjempe bladlus. (Sjå også biologisk bekjemping.)

Bladlusløver er skumrings- og nattaktive dyr. Om ein vil finne dei om dagen må ein aktivt banke dei ned frå trea. Som mange andre insekt vert også bladlusløvene tiltrekt av lys, og derfor kan ein fange dei med lysfeller.

Generasjonar

Bladlusløvene lev korte liv. Dei fleste norske artane har ein til to generasjonar i året, medan dei lenger sør i Europa kan ha opp til fem generasjonar i året. Til forskjell frå gullauga legg bladlusløvene egga sine rett på bladet, knoppen eller nåla, hjå gullauga er egga festa til bladet med lange silketrådar. Egga klekkast så etter eit par veker. Som larve lever bladlusløvene på blada og greinene, der dei jaktar byttedyr.

Når vinteren kjem er larven i tredje eller fjerde larvestadium, og spinn seg ein silkekokong som den overvintrar i. Nokre artar overvintrar på eggstadiet, som vaksne eller som puppe, men det vanlegaste er å overvintre som larve. Når våren kjem forpuppar larven seg, og puppestadiet varer som regel eit par veker. Dei tidlegaste artane bladlusløver kjem fram i april og mai og kan sjåast i aktivitet fram til oktober.

Utbreiing

Ein kan finne bladlusløver i heile Noreg, til dømes er brembladlusløva (Hemerobius marginatus) funnen i dei fleste norske fylke. Dvergbladlusløva (Sectra diptera) derimot er berre kjent i Noreg frå eit funn i Verdal, Trøndelag.

Bladlusløver har stor utbreiing i verda og er kjende frå mange land. Dei fleste av artane vi finn i Noreg har utbreiing i resten av Europa.

Systematikk

Bladlusløve er ein familie i orden nettvenger, som er ein holometabol insektsorden.

Dei 29 kjende norske artane fordeler seg på sju slekter:

  • Drepanepteryx (ein art)
  • Hemerobius (tolv artar)
  • Megalomus (ein art)
  • Micromus (tre artar)
  • Psectra (ein art)
  • Sympherobius (tre artar)
  • Wesmaelius (åtte artar)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

bladlusløver
Hemerobiidae
Artsdatabanken-ID
51615
GBIF-ID
3532

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg