Blåtøysbunad. Stakk, liv og forkle i bomullstøy.
Hverdagsbunader fra Eidsvoll

Hverdagsbunader fra Eidsvoll. Bunaden med blått liv er fra 1990-tallet, bunadene med rødt eller mørkegrønt liv er i produksjon nå, og bunaden med lysere grønt liv er fra 1930-tallet.

Hverdagsbunader fra Eidsvoll
Av /Norsk bunadleksikon.

Blåtøysbunad er ein bunad laga av blåtøy. Blåtøysbunader har namn etter stofftypen blåtøy. Blåtøy var billeg og lett tilgjengeleg og vart brukt til kvardagsklede, undertøy og sengetøy. Namnet kjem av at slikt stoff ofte var blått eller hadde blå striper, men mange andre fargar var vanlege.

Blåtøysbunader har som regel andre fargar enn blå.

Som ein del av ein landsomfattande trend vart det utvikla mange slike bunader i fyrste halvdel av 1900-tallet. Dei vart lansert som sumarbunad, kvardagsbunad eller blåtøysbunad og dei var enklare utforma enn dei tradisjonelle bunadane i ull. Dei hadde heller ikkje dei same krava til draktsølv, skjorte og sko og var enklare både å skaffe og bruke.

I nokre område har dei lokale bunadane i ull kome i ein ny variant i bomull og vorte brukt i nye samanhenger. Eit godt eksempel her er råndastakk og rutaliv fra Gudbrandsdalen som tradisjonelt er i verkensstoff men som vart brukt som bomullsbunad på fleire serveringsstader i Oslo, noko som førte til at fleire stolte brukare av den tradisjonelle bunaden skaffe seg brodert bunad. Etter kvart som fleire gjekk bort frå bomullsutgåva har råndastakken blitt meir vanleg også blant vaksne og den lokale tilknytinga har vorte tydelegare.

Betre gjekk det med blåtøysbunaden frå Vest-Telemark som er ein forenkla variant av kvinnebunad frå Vest-Telemark og som har fått ein oppsving den seinare tida.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg