Blåmann er eit omgrep som i norrøne tekstar og i folkeviser blir brukt om personar med svart hudfarge, særleg som eit generelt omgrep om folk frå ulike delar av Afrika.
Faktaboks
- Etymologi
-
av norrønt blámaðr
Blåmann er dessutan eit vanleg geitenamn.
Adjektivet blå kunne frå gamalt også bety svart, og i norrøne tekstar er det ikkje alltid mogeleg å vite om ein meiner blå eller svart med dette adjektivet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.