Blåbringebær er ein art i rosefamilien.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Rubus caesius
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Raudlistestatus i Noreg
- NT – Nær truet
Blåbringebær er ein krypande halvbusk som blir 10–50 centimeter høg, og ser ut som ein mellomting mellom bringebær og bjørnebær. Fruktene er blåsvarte og har nokre få steinfrukter kvar. Bæra kan etast, saftast eller syltast. Blåbringebær finst kring Oslofjorden, på Ringerike og langs Skagerrakkysten.
Blåbringebær er raudlista som nær truga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.