Bispedømmeråd, eit råd i kvart bispedømme i Den norske kyrkja. Bispedømmerådet blei oppretta ved lov av 16. juni 1933, og dei gjeldande føresegnene finst i Lov om Den norske kyrkja (kyrkjelova) av 7. juni 1996. Bispedømmerådet er det regionale forvaltningsorganet i kyrkja og omfattar biskopen, ein prest valt av prestane i bispedømmet, ein lek kyrkjeleg tilsett i bispedømmet og sju andre leke frå bispedømmet. Dei tre nordlegste bispedømmeråda har i tillegg kvar sin samiske representant, ein nord-samisk representant i Nord-Hålogaland bispedømmeråd, ein lule-samisk representant i Sør-Hålogaland bispedømmeråd og ein sør-samisk representant i Nidaros bispedømmeråd. Oslo bispedømmeråd har i tillegg ein representant frå døvekyrkjelydane i Noreg.

Bispedømmerådet skal ha merksemda si retta mot alt som kan gjerast for å vekkje og nære det kristne livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeid mellom sokneråda og andre lokale arbeidsgrupper i bispedømmet, nominere kandidatar i samband med bispetilsetjing, tilsetje prostar og kyrkjelydsprestar og elles utføre dei oppgåvene som det til eikvar tid er pålagt av Kongen og departementet.

Medlemmane av bispedømmeråda kjem årleg saman til Kyrkjemøtet. Bispedømmerådet skal i følgje kyrkjelova ha ein dagleg leiar (stiftsdirektør) av verksemda, som òg er sekretær for bispedømmerådet.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.