Halo med bisoler
Semsvannet i Asker, 9. januar 2018
Halo med bisoler
Av .
Lisens: CC BY 3.0
Halo og bisoler
Når det er iskrystallar i lufta kan det oppstå ei rekke lysfenomen. Her ser me bisol på begge sider av sola saman med parhelisk sirkel (som me ser som ei horisontal linje som går ut frå bisolene), solsøyle (søyle rett opp frå sola), halo både 22° og 46° frå sola og ein tangentboge på toppen av 22°-haloen.

Bisol, òg kalla solhund eller parhelion (frå gresk), er eit optisk fenomen som gjev lysflekkar på ei eller begge sider av Sola eller Månen (bimånar).

Faktaboks

Uttale
bˈisoler

Bisol kan nokre gonger sjå ut som ein regnbogeflekk attmed Sola, mens andre gonger lyser bisola sterkare og ser ut som ei minisol. Bisoler har ein vinkelavstand til Sola på rundt 22° eller meir, og oppstår når sollyset blir brote i iskrystallar i lufta.

Korleis bisol blir danna

Fleire faktorar må klaffe for at bisol skal oppstå. Det må først vere iskrystallar i lufta. Iskrystallar finst i skyer høgt oppe i atmosfæren kor det er kaldt nok, men bisol kan òg oppstå på kalde dagar når det er iskrystallar i lufta nær bakken.

Iskrystallane må vere flate, sekskanta og ligge horisontalt. Iskrystallar fell ikkje alltid heilt horisontalt, dei vil gjerne vippe litt. Jo meir dei vippar, jo meir søyleforma og strekt ut blir bisolene.

Til slutt må iskrystallane ha riktig vinkel til lyset som treffer dei. Det skjer som oftast når Sola er nær horisonten. Bisolene er sterkast når sola står lågt. Jo høgare Sola står, jo svakare blir bisola og jo lenger unna Sola oppstår ho.

Bisol og halo

Om dei sekskanta iskrystallane er prismeforma og meir tilfeldig orientert i mange ulike retningar i staden for flate og horisontalt orientert, vil me kunne sjå eit anna optisk fenomen i staden, nemleg halo. Halo og bisol kan oppstå på same tid når begge iskrystalltypane er til stades. Om dei flate iskrystallane fell ustabilt og bisolene blir strekt ut kan det av og til vere vanskeleg å seie kor bisol sluttar og halo byrjar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg